Innovare - Håkon Sjåstad Innovare - Håkon Sjåstad

.

Meldingar

Bilde av Meldingar 15.09.2019 :


Meldingar i Firmapakken er kun for internt bruk. Meldingane blir lagra i databasen til Firmapakken, og er søkbare. Dei kan knytast til det meste slik som til dømes dokument, ordre, produkt, firma og teikningar. Meldingane kan brukast som dokumentasjon til dømes på teikningar slik at ein kan få dokumentert ein dialog om teikninga. Meldingslista til teikninger er på ei fane i eigenskapane på teikninga. Meldingar reduserer bruken av e-post og har direkte lenke til filer i Firmapakken. Dette gjer at det går raskare og enklare å dele informasjon.

Korleis set eg opp meldingar i Firmapakken?

På hovudmenyen vel du «Oppsett av startsida», eller du kan trykk på tannhjulet øverst i høgre hjørne. I oppsettet hakar du av på «Vis meldingar på startsida». Du må starte programmet på nytt for at meldingslista skal kome på startsida. Sjølv om meldingslsta ikkje er på startsida, vil det likevel kome meldingar i programmet. Dei vil då vise med ei oransje linje øverst i vindauget.

Korleis stiller eg inn kor ofte det blir sjekka for nye meldingar?

Klikk på tannhjulet oppe til høgre i meldingslista. Der kan du velje kor ofte det skal sjekkast for nye meldingar. Kvar gong du viser aktiverer vindauget men hovudmenyen, oppdaterer den meldingslista.

Kva er uklare meldingar?

Uklare meldingar er meldingar som du ikkje heilt er ferdig med, mottagarane ikkje har lest dei, eller nokon har merka dei med "Ugreitt". Du kan sjølv sette opp korleis dette skal vere i meldingsoppsettet.

Kva er fellesmelding?

Ei fellesmelding er ei open melding som alle får, og alle kan svare på. Den treng ikkje merkast med mottager då den vil bli vist til alle.

Kan eg endre ei melding etter den er lest av andre?

Ja, dine eigne meldingar kan du endre etter du har send dei. Du kan ikkje endre andre sine meldingar. Du kan og legge til tilknytingar etter at du har sendt dei. Du kan slette dine eigne meldingar dersom alle har lest den og du ikkje treng den for dokumentasjon.